LyricsTranslator Logo

Hei kjære dragspelar

Oddvar Torsheim

  • Available translations: No translations yet
  • Original spelling: no
  • Views: 19
  • Duration: 04:59
no
Hei kjære dragspelar
Drag eit drag for meg
For du spelar jo like godt i sol og i regn som i tåke
Hei kjære dragspelar
Drag og spel i veg
Visst eg ikkje kan danse vil styggen meg nok overvåke

So ta meg opp på scena di
Og la meg synge med
Ja la meg jodle med
Sjøl om eg høyrest ut som ei utbrent gammal kråke
Spel og spel hald ikkje opp
Vi høyrer kun på deg
Når du belgen dreg
Og vi svingar og svingar i sanseleg draumetåke

Så drag kjære dragspelar
Drag for oss og meg
For i kveld vil vi synge og danse men ikkje bråke
Ja hei kjære dragspelar
Drag den rette veg
Då vil kanskje sjølve styggen oss ikkje eingong overvåke

Nei sjå på vene Mariann korleis ho dansar sving
Rundt og rundt i kring
Som i ein magisk ring
Å høyr kor musikken kling
Det ser ut som ho no suggererer heile salen
Å du som ho kan danse
Men ho har visst giftering
På sin vakre fing
Gull og tingeling
Ho har lært seg å danse i ein rokkering

Så hei kjære dragspelar
Spel Mariann sin sving
Der ho no driv på og forfører heile salen
Så sjølv om ho har gifteringen på sin vene fing
Gjer ho kvar og ein av mannebein i dansesalen galen

Så ut på golvet kjem ein ekte Harrymann
Og berusa det er han
Nesten meir enn det går an
Og balansen sin har han ganske sikkert lagt atte heime
Han har inga dame
Nei han dansar singel han
Han er ikkje berre Harrymann
Når han prøver danse norsk "Can can"
Då er Harry også heilt Johan
Mot eit dragspel blir sjølvaste Mozart den eine kleine

Hei kjære dragspelar
Spel no som ein mann
Du må ikkje tru at du kan komme her til og så spele med måte
Nei nei kjære dragspelar
Vi veit jo kva du kan
Du var oss når du dreit i både danse og le og gråte

Men men kjære dragspelar
Festen sluttar no
For snart er klokka to
Og Solveig vil gå til ro
Og Larris vil gå på kro
Og andre vil heim att no
Ein eller ein og to
Og månen heng og skin som ei halv appelsin uti natta

Men Mariann og Harry fell visst ikkje heilt til ro
Dansar i kvar sin sko
Men dei er nok ikkje par dei to
Harry virkar heilt ko ko
No var det visst nokon som lo
Ja visst var det månen ein høyrde som skratta

Så hei kjære dragspelar
Takk for alt du dreg
Ja du spelar jo like godt i sol og i regn som i tåke
Så drag kjære dragspelar
Drag den rette veg
Så vil sjølvaste styggen oss sikkert ikkje meir overvåke

Så hei kjære dragspelar
Takk for alt du dreg
Ja du spelar jo like godt i sol og i regn som i tåke
Så drag kjære dragspelar
Drag den rette veg
Så visst sjølvaste styggen oss sikkert ikkje meir vil overvåke
No translation found for this song!
Submit translation

Written by: Bob Dylan

Lyrics © Universal Music Publishing Group

Share your thoughts on Hei kjære dragspelar

0 comments

FAQ

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Sed iaculis dolor urna, vitae porttitor magna fermentum in. Nunc nec rutrum velit. Praesent fermentum arcu sed turpis aliquet.
Interdum et malesuada fames ac ante ipsum primis in faucibus. Quisque viverra elit nec blandit vestibulum. Curabitur tortor orci, convallis nec aliquam et, convallis sed tortor.
Suspendisse tincidunt sem tellus, ac finibus neque feugiat a. Nam consequat efficitur sem vel fringilla. Etiam interdum, est vel imperdiet sodales, felis turpis ornare turpis, vel ornare elit dolor vitae purus. Pellentesque vel hendrerit ante. Aenean egestas, odio at porta euismod, velit nulla hendrerit felis.
Proin quis massa ac urna sagittis imperdiet a non massa. Sed risus massa, aliquet ac gravida a, rhoncus in metus. Orci varius natoque penatibus et magnis dis parturient montes, nascetur ridiculus mus.
Read more
© Copyright 2024 LyricsTranslator.com